Eg levde fleire år i mørket. Dette er årsaken til at eg snakkar høgt no.
Eg har vore gjennom opiatavhengighet, mørke periodar, sjølvmordstankar og ein innleggelse som redda livet mitt. I dag står eg fortsatt i kampen mot sjølvmordstankar. Dette er ein del av reisa som førte til det som starta Lufte Barten, eit personlig iniativ.
STARTEN PÅ MØRKET
Det var ein heilt vanlig dag i Oslo, eg satt på kjøkkenet i leiligheta og kjende eg var komen til ei grense der eg ikkje visste om eg klarte å halde ut så mykje lenger. Det var ingen dramtikk i rommet, ingen panikk. Det var berre ein veldig utslitt mann som hadde kome til eit punkt der tanken på å avslutte alt og endelig få kvile ikkje lenger kjennast så framand.
Sjølvmordstankane hadde vore der ei stund, men denne kvelden fekk dei ei anna retning. For å forstå korleis eg hamna der må eg spole litt tilbake. Dette handla ikkje om ein dag – det handla om år der kroppen svikta, identiteten forsvann, og psyken blei broten ned gradvis.
KROPPEN SOM SVIKTA
Store delar av 20-åra mine var prega av ryggsmerter, prolapsarsom kom og gjekk, sjukmeldingar, opptrening og nye tilbakefall. Årevis med behandling og opptreningsperiodar, eg gjorde alt eg fekk beskjed om, men kvar gang eg byrja å håpe at noko var på veg til å bli betre, svikta kroppen igjen. Det sleit meg ned, ikkje berre fysisk, men også psykisk. Etter kvart kjende eg meg ikkje igjen, eg kjende meg meir som ein pasient enn som meg sjølv. Ein person som blei sendt rundt om i systemet for å bli fiksa. På denne reisa forsvann min eigen identitet.
I 2018 oppsøkte eg private helsetjenestar og fekk ei klar tilbakemelding: Eg kunne få tilbod om ein større ryggoperasjon som hadde gode prognosar på kort og langsikt. Det var ein stor lettelse å få den beskjeden, men operasjonen løyste ikkje alt. Lenge før denne operasjonen blei eg satt på sterke opiat for å halde ut smertene. Det som skulle bli ei midlertidig løysing, blei starten på min vanskeligaste kamp og ei reise eg skulle vore forutan.
AVHENGIGHET OG MØRKET SOM FØLGDE
Etter operasjonen vart ikkje dagane betre. Eg var framleis avhengig av medisinane, og livet mitt vart flatt og monotont. Dagane gjekk i TV, litt mat, hundelufting og enda fleire piller. Det var som å eksistere – ikkje leve. I denne perioden kom dei første sjølvmordstankane. Først som eit ønske om ro, seinare som meir konkrete tankar og planar.
Det som nesten var litt skummelt er at tankane ikkje skremde meg. Tankane var blitt ein så vanlig del av kvardagen, nesten som ei slags rutine. Eg var også for sliten til å reagere. Tanken om kvile vart meir og meir forlokkande.
Eg delte nesten ingenting med nokon. Mine nærmaste forstod eg hadde det tungt, men dei visst ikkje kor vanskelig det var og kor langt tankane hadde dreve meg inn i eit tungt mørke. Skamma rundt avhengigheten vaks for kvar dag som gikk, og eg kjende meg meir og meir framand for meg sjølv.
Den same dagen som eg sat med sjølvmordstankane på kjøkkenet og kjende at eg ikkje ville leve lengre, var der samtidig ein liten del av meg som framleis ønskte hjelp. Den delen gjorde at eg ringde akutt telefonen til Nydalen DPS same kveld. Dei skjønte alvoret og etter litt fram og tilbake i telefon fekk eg formidla om at eg skulle komme meg gjennom natta utan hjelp og heller komme til time dagen etter.
NEDTRAPPING OG ET NØDVENDIG SKIFTE
Det tok lang tid å kome seg av opiatane. Nedtrappinga var full av feilskjær, desperasjon og nederlag. Lange og tunge periodar med abstinensar og det som føltes ut som ei evig vandring i eit mørke utan lindring, verken mot smertene i kroppen eller tankane i haudet. Dette var ekstremt krevjande både fysisk og psykisk. Eg flytta heim til Sandane for å få eit skifte i livet og byrja i terapi. Det var inga rett linje oppover. Nokre periodar fungerte eg, andre periodar kjende eg at eg var på veg inn i det same mørket igjen. Tankane forsvann ikkje – dei skifta berre form.
FJELLHEIMEN SOM GAV PUSTEROM
I 2021 var eg framleis langt nede, men eg var ferdig med å late som. Eg måtte ut. Eg måtte få luft. Fjellheimen blei ikkje ei løysing, men det blei eit pusterom – eit nødvendig avbrekk fråalt som var tungt.

I november 2021 bestemte eg meg for å være delvis open om utfordringane eg hadde stått i, samtidig som eg ville utfordre meg sjølv til å bruke fjellheimen kvar dag for meg sjølv i ein movember-inspirert kampanje som eg valte å kalle for #luftebarten. Der målet mitt var å gro ein bart, lufte den daglig i fjellheime, vere aktiv for openheit og mens helse, samtidig kanskje inspirere andre til å vere aktiv for eiga mental helse. Det blei starten på Lufte Barten, ein kampanje som no er blitt ein slags årlig tradisjon for meg, med eit håp om å kunne utvikle det til eit prosjekt for meg sjølv og andre med fokus på menns helse.
Den måneden delte eg mi historie og eg delte bilde frå kva tur eg var på. Mange, spesielt menn, byrja å sende meldingar. Folk delte eigne tankar og kampar dei aldri hadde sagt høgt før. Då forsto eg at openheita mi kan bety noko for andre – ikkje fordi eg var modig, men fordi eg turde å sei noko mange dessverre kjende seg igjen i.
INNLEGGINGA I 2024
I januar 2024 kom eg igjen til eit punkt der ikkje klarte å halde meg oppe. Tankane var konkrete og farlige. Då eg fekk tilbodom innleggelse på Nordfjord Psykatrisenter, kjente eg på einfrykt i alvoret. Eg hadde aldri sett føre meg at ein innleggelse på eit psykiatrisenter var noko eg måtte ta stilling til.
Eg takka ja, men det første vekene var svært krevjande. Eg vurderte daglig å skrive meg sjølv ut dei første vekene, det var altfor ubehagelig å vere der. Samtidig visste eg at det ikkje var trygt å reise heim. Eg måtte stå i det.
Innlegginga var inga rask løysing. Det var ingen mirakelkur. Men det var første gang på lenge at eg fekk profesjonell hjelp frå veldig flinke folk som såg kor vanskelig eg hadde det. Eg lærte å vere ærlig om dei mørkaste tankane – og å ta imot hjelp i staden for å prøve og håndtere alt aleine. Det redda livet mitt.
I DAG
I dag fungerar eg delar av kvardagen. Eg jobbar, studerar, trenar, spring, går i fjella, og held struktur. Samtidig står eg i ein ny krevjande periode. Sidan juli i år har eg gått i terapi igjen og ein innleggelse er noko som har vore vurdert fortløpande fordi det psykiske trykket tidvis har vore for stort. No ser eg meg også nøydd til å vere ærlig på at eg er samd i at ein ny innleggelse er heilt nødvendig, fordi situasjonen har blitt for vanskelig å sti i aleine. Så eg har fått tilbod om ny innleggelse og takka ja til det.
Eg begynte som sagt på igjen i terapi med psykolog spesialist i sommar, og det har vore heilt avgjerande for at eg til dels har klart å halde meg oppe. Totalt så veit eg meir om meg sjølv noen før, og eg tek i mot hjelp tidligare enn eg gjorde før. Samtidig er kampen rell – akkurat no.
KVIFOR EG SNAKKAR HØGT
Kvifor eg snakkar høgt
For mange ber på tunge tankar utan å vise det til omgivnadane. Stillheit blir ofte forveksla med styrke. Lufte Barten handlar om å bryte den stillheita – og om å vise at det finst hjelp, også når det kjennest for tungt å spørje.
«Lufte Barten – For han. For dei. For oss.»
Om du kjenner deg igjen
Du er ikkje aleine.
Det finst hjelp – og du fortjenar den.
Mental Helse – 116 123
Kirkens SOS – 22 40 00 40
Oppdag mer fra BROR Mental Helse
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.
